— Salen skal opnast i februar neste år, og då blir det flott å kunna ta i bruk det nye namnet, seier Nathalie Angelica Mo Lilletvedt.

Også ho er med i ungdomsrådet. Saman med Ida er ho med i juryen som skal velja ut finaleforslaga som kjem inn i konkurransen, som går frå no og til 5. januar.

Send inn forslag til kultursal@vp.no

Andre i juryen er ordførar Hege Eide Vik, kulturskulerektor Sindre Sortland og VP-redaktør Esben Hesjedal. Forslaga kan sendast inn alt frå no på denne e-postadressa: kultursal@vp.no.

— Folk står sjølvsagt fritt til å føreslå det dei vil, men ønsket vårt er å få eit enkelt passande namn, som er lett å forstå og som kling godt, seier ordførar Hege Eide Vik.

Pengepremiar til lokale lag

Tidleg i januar skal juryen velja ut finalistane i namnekonkurransen, som skal vidare til ein siste runde der vinnaren skal kårast på VP si nettside. Her kan det stemmast på finalistane, og vinnaren vert den med flest stemmer.

— Me håpar på stort engasjement, og at me får mange gode forslag. Me har to premiar kvar på 5.000 kroner. Vinnarane må gje pengane vidare til eit lokalt lag eller ein organisasjon. Den eine premien vert tilfeldig trekt mellom dei innsende forslaga, og den andre til forslaget som vinn. Er det fleire som har føreslege det same, vert det trekning også her, seier ordføraren.