Gå til sidens hovedinnhold

Deler ut hurtigtestar

Vaksdal kommune deler no ut hurtigtestar, men ein må ringja koronatelefonen for å få. Det kom fram i formannskapet tysdag.

— Kommunen har hurtigtestar til utlevering til dei som fyller eitt av kriteria under.

Folk får gratis hurtigtest dersom:

• Ein har symptom på luftvegsinfeksjon

• Ein er husstandsmedlem med ein som har fått påvist covid-19

• Ein er uvaksinert og/eller er definert som nærkontakt til ein med påvist covid-19

• Ein er uvaksinert og arbeider i helsesektoren

Folk må ringja koronatelefonen for å avtale utlevering. Utleveringa skjer i Dalehallen.

— Fyller du ikkje eitt av kriteria, men ønskjer å ta ein hurtigtest, kan du kjøpa den på apoteket, lyder informasjonen som vart kunngjort i formannskapsmøtet tysdag.

Testing

— Det er no ein ny fase av pandemien, der vi skal bremse verknadene. Vi har mykje smitte i landet, og set i verk tiltak for å avgrensa smitta utan å måtte stengja ned. Vaksinering og testing er nokon av dei viktigaste tiltaka vi gjer, heiter det.

Treng ein å få tatt ein koronatest, må ein ringja koronatelefonen for avtale.

— Testinga skjer i Dalehallen. Denne veka (veke 47) er det ope for testing på føremiddagen måndag, onsdag og fredag. I neste veke (veke 48) har vi ope kvar dag.

Vaksinering

Dei som ikkje er vaksinerte og vil ha vaksine, kan ringja vaksinetelefonen for avtale. Dette gjeld om det er første, andre eller tredje dose (for dei som fyller kriteria) med vaksine.

Kommentarer til denne saken