Bane NOR byggjer nytt og held ved like, og det vert difor stengt for togtrafikk mellom Bergen og Voss frå 16. november til og med 10. desember 2022, skriv Vy i ei melding.
- Vy set opp alternativ transport. Reisa kan ta lenger tid, både fordi buss brukar lenger tid enn tog, og det tek noko tid å bytta mellom buss og tog. I tillegg får bussane frå Bergen mot Voss (og Oslo) tidlegare avgangstid enn toget sine ordinære rutetider. Me tilrår difor reisande å rekna ekstra tid på reisa, i tillegg til å sjekka vy.no eller Vy-appen for oppdatert reiseinformasjon.
Tog på Vossebanen
Tog på Vossebanen: I perioden frå 16. november til 22. november køyrer Vy buss for tog på heile strekninga mellom Voss og Bergen. Frå 23. november til 10. desember køyrer Vy buss for tog mellom Dale og Bergen. Frå Bergen køyrer bussane frå utsida av togstasjonen, ved Hotel Terminus. Merk at bussane frå Bergen køyrer 30 minuttar tidlegare enn toget si opphavelege avgangstid, for å rekkja overgangen til tog som går i rute frå Voss og frå Dale.
Tog på Bergensbanen
Tog på Bergensbanen: Vert erstatta med buss mellom Bergen og Voss. Frå Bergen køyrer bussane frå utsida av togstasjonen, i Zander Kaaes gate utanfor Hotell Terminus. Merk at bussane frå Bergen køyrer 30 minutt tidlegare enn toget si ordinære avgangstid. Toga på Voss mot Oslo ventar til bussane kjem.
- Alle bussar kjem til Bergen ved perrong P på Bergen busstasjon. Me tilrår alle å sjekka detaljar i Vy sin reiseplanleggjar, står det i meldinga frå Vy.