Stian Davies frå Arbeidarpartiet blir ny fylkesvaraordførar. Askeland kjem frå Alver, Davies frå Askøy.
Frå Vaksdal kommune vart Arne Normann (KrF) og Suzanne Michelle Rødseth (MDG) valde inn i fylkestinget. Lisa Natalie Lunde (Ap) er vararepresentant for Ap.
Onsdag ettermiddag vart avtalen om vidare samarbeid mellom dei seks partia som har styrt fylkeskommunen dei siste fire åra, underskriven. Dei seks partia er Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne.
- Takka for tilliten
- Eg vil takke veljarane for fornya tillit. Vi er samde om å vidareføra politikken vår og gje tryggleik for veljarane og innbyggjarane våre i krevjande tider. Vi skal vere eit stabilt forvaltingsnivå som skal vere føreseieleg også i dei komande fire åra, seier fylkesordføraren i ei melding frå Vestland fylkeskommune.
Askeland nemnde to dimensjonar i den nye samarbeidsavtalen som er viktige for Senterpartiet.
- Den lokale dimensjonen er å bruka fylkeskommunen aktivt som eit verkemiddel for vekst og vekstkraft i lokalsamfunn over heile fylket. Vi skal ikkje oppføra oss som ein overkommune. Tvert imot skal vi vere ein medspelar til utvikling og vekst for kommunar, kulturliv og arbeidsliv lokalt. Vi skal vere ein god og trygg medspelar og aktiv samfunnsutviklar for oss alle, seier fylkesordføraren.
Høgre er skuffa
I ei melding går det fram at Høgre kjenner seg svært skuffa, og meiner veljarane har vorte oversett.
- Vi er svært skuffa over at korkje Venstre, KrF eller Senterpartiet har vist vilje til å snakka med oss. Høgre vart valvinnar og det klart største partiet i Vestland fylkesting. Borgarleg side styrkja seg, og Ap og Sp gjekk mykje tilbake. Veljarane viste at de ønska eit skifte, men det har dei vald å oversjå ved å ikkje late oss sleppe til. Det er ei arrogant og uforståeleg tilnærming, seier Silja Ekeland Bjørkly som var fylkesordførarkandidat for Vestland Høgre.

Høgre størst i Vestland
Knapt fleirtal
Ho peikar på at både V, KrF og Sp har signalisert at dei ønskjer å snakka med begge sider, men når det kjem til stykket har dei valt å oversjå det største partiet.
- Det er veljarane som er den store taparen her. No får vi ein svekkja og sprikjande koalisjon, med knappast mogleg styrke i fylkestinget - med berre 33 av 65 plassar.
Det nye fylkestinget i Vestland skal konstituera seg 17. og 18. oktober.
Vestland Fylkestingsvalg
PARTI | STEMMER | OPPSLUTNING | ENDRING | MANDATER | ENDRING |
---|---|---|---|---|---|
Arbeiderpartiet | 52 509 | 17.9 % | -2.5 % | 12 | -2 |
SV - Sosialistisk Venstreparti | 22 761 | 7.7 % | 1.4 % | 5 | 1 |
Rødt | 9 498 | 3.2 % | -0.2 % | 2 | - |
Senterpartiet | 32 010 | 10.9 % | -4.8 % | 7 | -3 |
Kristelig Folkeparti | 14 442 | 4.9 % | 0 % | 3 | - |
Miljøpartiet De Grønne | 11 383 | 3.9 % | -3.3 % | 3 | -2 |
Venstre | 12 297 | 4.2 % | 0.6 % | 3 | 1 |
Høyre | 66 906 | 22.8 % | 4.9 % | 15 | 3 |
Fremskrittspartiet | 37 320 | 12.7 % | 4.1 % | 9 | 3 |
Norgesdemokratene | 1 171 | 0.4 % | 0.1 % | 0 | - |
Folkets Parti | 1 178 | 0.4 % | -8.7 % | 0 | -6 |
Industri- og Næringspartiet | 17 832 | 6.1 % | 6.1 % | 4 | 4 |
Konservativt | 2 792 | 1 % | 0.1 % | 0 | - |
Liberalistene | 630 | 0.2 % | 0 % | 0 | - |
Pensjonistpartiet | 4 212 | 1.4 % | 0.3 % | 1 | - |
Partiet Sentrum | 938 | 0.3 % | 0.3 % | 0 | - |
Bergenslisten | 4 976 | 1.7 % | 1.7 % | 1 | 1 |
Blanke | 5 277 | 1.8 % | 0.4 % | 0 | - |
Folkestyrelisten | 997 | 0.3 % | 0.3 % | 0 | - |